Molla Park
I samarbeid med fleire frivillige private personar og føretak har ARKHAUS skissert eit forslag til utforming av ny MOLLA PARK i Hammerfest. Dugnadsprosjektet vart initiert av Hammerfestingen Lill Larsen som kom opp med idéen å leggje til rette for ein bypark i sentrum.
Parken skal verte ein triveleg samlingsplass for både unge og eldre, og vere tilgjengeleg og brukbar året rundt. Ei stor sandkasse for dei yngste, sykkelbane for litt eldre, og skakk og boccia for vaksne born skal gjere dette mogeleg. Samtidig skal det installerast mange forskjellige sitjeplassar, både for å kunne vere for seg sjølv og saman med andre. Ikkje minst grillhuset vil gjere det mogeleg å bruke MOLLA PARK uavhengig av den humørsjuke finnmarksumaren…
Byrom, Landskap, rekreasjon
Nybygg
Skisseprosjekt
ca.930 m2
Hammerfest
2016
privat
Inspirasjon til ny bypark